Dølaminne

Frå fyrste Dølaminne i 1919 tek me med dette:

Dølaminne er paa ein maate framhald av "Numedal" Mest av økonomiske grunnar vende Numedal Sogelag seg til Sogelage i Hallingdal med fyrespurnad, um det vilde vera med paa aa gjeva ut eit tidsskrift. Og dei gjekk med paa det.
Skrifte skal kome ut med eit nr. paa 2 ark kvart fjerdungaar og dei, som er medlemir i eitt av desse lagi, fær det fritt, mot aa svara 2 kr. i aarspengar.
Kvart lag skal raade over kvar sin halve deil av rome i skrifte og hev kvar sin styrar.
Me vil vona, at hallingar og numedølar vil slaa ring um "Dølaminne", so det kann bli ført til aa fremja fyre'ogo si: aa vekkje interesse for samling, verjing og vyrdsling av den gamle rike folkekulturen i dalane vaare og vera ei møtestad og gøymestad for den.
Skrifte vil stande opi for stykke fraa andre landslutir med.

Hovudredaktør var, i alle år: Tov Flatin. 
Desse var redaktørar for Halling-bolken:
         1/1919 -  3/1921: Sigurd S. Reinton
          4/1921 - 4/1923: Torleiv Perstølen
          1/1924 - 4/1926: Håkon Tveito
          1/1927 - 4/1927: Paal Haugen

Torleiv Perstølen Torleiv Perstølen