Jordskred på Torpo

Storflaumen i 1860 og storskridone i Torpo.

101
 
Sølve Oleivson Moldbakka (heretter nemd S.M) fødd på Graabeinhaugo den 7. februar 1849, Embrik Nilsson Haugo (heretter nemd E.H) f. i Haugo den 28. juli 1853, og Ola Herbrandson Bruteigen son til staatarkongen paa Torpo – Herbrand Sirerudningen (ogso kallast Busen) nemnest O. B. f. krossmessdagen 1845, har fortalt meg om denne storflaumen og den store skre-ulykka her paa Torpo, og Eirik Sjugurdsom Opheim, her kalla E.O. f. den 22. februar 1836 har late etter seg ei handskrift om dette ulykkes-hende. – Desse handskriftene hans E. O. – tvo «Hændelsesbøger» og ein visefugg, vil sone etter E. O. Syver E. Opheim, gi til Aal Bygdemuseum, so dei kjem snart der, berre eg har faatt tid aa skrive av lite grand ….  H. Sato.
-----                    ------                           -------                          ------                    -------
Sissel Moen, gift med rosemaalaren Nils O. Moen – dotter til Birgit og Knut Vesledal f.           og Ola H. Sato d.y. fødd 4/3-1854, har ogso fortalt meg noko om storskridone, Sissel om mor si – Birgit Sveinsrud (Vesledal) som vart teken av skred og for med dunder og døn millom stein og stokk og leire heilt fraa Sveinsrud og til nedst paa Søre Skjerpings-jorde, og O. H. Sato om storflauen og Skredelaupa i Votndalen.
                             -------------------
E. O. fortel i den handskrivne boka si, at det hadde vore ein dryg snøvinter 1859/60, elles var det laust ver heile vaaren frametter, med regn jamt og samt. Den 2. juni gjekk Lya (O. B. har fortalt – ogso Storelva – Hallingdalselva) over breiddene. Jorda var svert oppbløytt, so det var med store vanskar dei hadde faatt saatt til aaakeren og sett poteter. Fredag den 15. juni var det svert lummert i veret og skodda laag tjukk over heile dalen. Ut paa ettermiddagen auka regnveret fraa samregn til silregn. Det auste ned. Der det var ein liten slae i landskapet laga det seg grøvar og bekkjer. 
O. H. Sato har fotalt at han gjette paa Hestebrekk og det laga seg grøvar so fort at daa saueflokken hans gjekk noko spreidd hadde han si fulle hyre med – eit lite bel – aa redde lamb som vilde fram til mørene sine og som reiste i grøvene. Han fata 2 og 2 lamb og «lunna» heimover mot sauestallen og til slutt hadde han alle sauene inn. Daa var det ikkje ein turr traad paa han, sjølvsagt. Han fortalde ogso at dei sov ikkje heile natta millom 15. og 16. juni der paa Hestebrekk, ogso av denn grunn at dei var so redde for mor hans, Barbo O. Sato, som var gaatt heim att so ved høgst-dags bel fredag den 15. juni, so tidleg laurdags morgonen tok han av garde beinst paa øystre sida av dalen (vegen laag paa Bakli-sida denne tida) men det var meir enn vanskeleg aa koma fram for skuld dei sver egrøvar og bekkjer, som gjekk fulle og skridesgroper som var so breie og djupe. Han maatte gaa so høgt oppe at han kom seg fram millom Selsbergi og Skjervheim. 
 
 
I Torpo tok det til aa sive jyrme og jord og laga seg svere grøfter i aakrane, mange stader seiv mest all jorda undan og aakrane laag att som elvegrøt. So smaatt med «grøn» (korn og poteter) hadde det visst ikkje vore paa Torpo sea borkebrødaaret 1813, dei aller fleste maatte kjøpe seg brødkorn fraa hausten 1860 til hausten 1861 og mest alt saafrøet vaaren 1861 vart kjøpt heim fraa Drammen. (E. H.) Med nos-bel den 15. juni tok storskriene til aa gaa. Folk saag ingen stad for skodda som laag over dalen, men dei høyrde so mykje meir duren av skre, som gjekk paa baae sider av dalen. Folk kjende seg ikkje trygge for skre nokon stad. I nedre Torpo samla dei seg paa kyrkjegarden, som ligg noko høgt og fritt, soleis. Det var graat og tot paa folk, mange var bangne for slektningar og vener dei sakna her, dei fleste trudde det var domedag og fann ut, dei var kje reiuge til aa møte for domen. Det var eit dunder og døn so det var kje maate paa, og det sengra svovel (O. B.)
Heile naatta millom 15. og 16. juni var ein stor part av folket paa Torpo samla paa kyrkjegarden. Fram paa morgonen var det stilna av med skreda og daa det tok til aa lysne av dag og skodda kvarv var det ei trist og forferdeleg medfaren bygd som laag att her.
Bygda hadde skifta aldeles andlet, og faatt ær og strendu so det gliste med paa skire kjakabeina baade her og der. Hus var burte, bruer tekne, vestliene og øystre dalside hadde skridelaup, mange og svere, dyrka jord og skog var som sopt vekk heilt ned paa grunnfjellet. Det laag ei stimn sengre, som av svovel, over bygda, av all steinen som hadde støytt samen og malest samen i alle desse skred. Lya og Storelva gjekk børge og drivkvite og mulla sin monotone song med fossedur. Eg har aldri opplevt noko so nifst, sa Eilev Torpo, f. 1814 (S.M.). Elvane fløymde over, og gjekk svarte av mold. Eilev Torpo hadde laga ein flote i staden for dei 2 baatane han miste i Tingvollfjorden og han batt denne floten i ein av portstolpane til stolphuset – eit godt stykkje ovanfor aalmanvegen paa Kremarslaatta. Paa Nupgarden Torpo stod vatnet (Storelva) eit godt stykkje opp i reina med for stugubygningane – dei kunde ikkje gaa ubløytte i eldhuset som stad lite grand nede i reina.
Det var gaatt 16 svere skre berre her i Torpo, 6 paa austsida av dalen, 10 paa vestsida. Lars Vestafor miste meste parten av jorda si og fekk det andre svert øydelagt av stein som skrea la att her. Hjaa Knut Torjuson Vastafor for stugu med alt innbu paa atorelva, men dei fann att og fekk redda mange ting, gryter og anna. Hjaa Botolv Vestafor tok ei skrea badstugu med seg heil eit godt stykkje, mykje av jordet hans vart øydelagt. Hjaa Torkjel Sanderson Sire vart tvo tredjepartar av innmarka øydelagt av jordskre, hjaa Ola Hermanson Sire vart og mykje innmark øyelagt, men inkje so gale. Øvst oppe i Kamberud, hjaa Knut Sjugurdson, tok eit jordskre ut, tok med laavehusa og sopte med seg skogen i ei brei stripe. Skrea kom ned ved Trøo, her tok ho ogso med seg laaven og la seg so til slutt ned paa faalten hjaa Embrik Olson Tretterud.
Hjaa Halvor Olson Rikhansrud tok eit skre ut, som gjorde stor skade paa eigedommen hans, mykje aakerland nede ved storvegen i Torpo vart ogso øydelagt av denne skrea. Elles gjekk det so mange skre her.
Eilev Torpo, Nupgarden, sette skaden paa garden til minst 1000 spesidalar. Mykje av beste aakeren her var nedlesset med stein fraa fleire skre, so det saag ut som reine aakerbrot. Der sjølve skrea var kome, var gropene so breie at melingsstonga paa 6 alner – omtrent 4 meter, rekk ikkje over, og stod ein vaksen mann paa botnen, rakk han jamt ikkje opp paa bakken med handa, sjølv om han tøygde seg.
Mest alle dei bruer som var, gjekk i storflaumen. Embrik N. Haugo stod i lag med far sin ved nordre (vestre) kjeret av Lyabruene daa saga og kvernhuset hans Eilev Nupgarden – Torpo kom farande og demde opp Lya, slik at ho fløymde over brua. Det knaka og braka eit bel, men rett som det var seilte det av garde alt i hop – brua med, i gule vella. Av andre bruer i Torpo gjekk Sirebrua, brua over Lya ved Bruhaugene og Torleivstølbrua. Elles gjekk Prestegardsbrua og Sandebrua ved Bakken i Aal, Heslabrua og Robrua i Gol o. s. b.
Omframt saga og kvernhuset hans Eilev Torpo – Nupgarden, som sagt, gjekk saga hans Torstein Knutson Skjerping som stod ved Dølehaugen, elles gjekk kvernhuset til Per Olson Opheimsjorde, Halvor Knutson og Halvor Torkjelson Opheim,, Ola Olson Øvre Medhus og kvernhuset hans Halvor H. Leikvollo øydelagde. Sølve Oleivson Moldbakken fortel i sitt 87. aar, at han som liten gut stod og saag paa at Uppheimssagi endereistest og for av garde. Sagi stod der Pjøkkesagi no staar…… Det var 6 kvednahus upp i Uppheimsgrendn hjaa uss. Alle reiste so ner som eitt – det i Eitrun. Han og’far mol i Vesledalhuse og hadde so vidt faatt felig ei hit, som han hadde sett ut paa troppe – ja han hadde tikji med seg ei hit med, daa han gjekk heim att te maals. Men forr han kom attende reiste Vesledalhuset. Eg stod saag paa at det kabba. Daa ropte e: «Aa Gud bere uss, der fer mjølhite vaar!»
Det gjekk med ikkje mindre enn 19 større og mindre hus i Torpo i denne buføringa.
 
I all denne spaning og trasjedi er det ei hending som er noko heilt over det vanlege. Kona som vart redda og levde mange aar etter aa ha reist med i skrea omlag 1 kilometer: Fjøset hns Johan Skjerping stod paa ein stad som var faarleg for jordskre, eit skre var just kome nær ved og no spøkte det for fleire. Mari – kona gjekk daa ned til fjøset og tenkte seg til aa løyse ut buskapen, og so høyrer ho det jamrar seg der burte i skredet. – «Au, au», segjer det. Daa ho ser til er det kona Birgit Sveinsrud som ligg her, nedtyngd med jord opp under akslene. Ho spring ned i Nupgarden etter hjelp. Mannen paa garden – Eilev Nilsson og tenesteguten hans kjem med reku og grev og fær maka fram kona, medan er Mari stad finn fram klæde og anna. Dei klæde Birgit hadde paa seg var fulle av jord og maatte skjerast av henne. Ho klaga over ilt for bringa og hadde eit saar over panna. Ei vike etter denne reisa fekk ho eit dødfødd barn, men ho fekk god forpleining og kom seg fort, og den 31. juli tok ho til aa vera oppe att. Ho fekk 4 barn seinare, som alle levde opp. Klokkar Jakobsen skreiv ein song og ei lita bok om denne undarlege reisa. Birgit sjølv fortalde at det var gaatt ei skrede lite grand vest for stugu i Sveinsrud som tok med seg laave og fjøs og det spøkte for fleire, totte dei i Sveinsrud. Difor fann dei fram det mest verdfulle av det dei aatte og skunde seg i veg paa ei stor ploggekiste. Dei var komne bort i skogbalet ved Gaasterud daa ira Birgit paa at ho hadde reist fraa ein vev, ho totte ho ikkje hadde krefter til aa ta med seg, sette so fraa seg det ha hadde i nevane og gjekk attende og inn i stugu og fata tak i veven. Ho kom berre burt i døra att daa var skrea der. Det var heilt vonlaust aa prøve paa aa koma ut. Birgit la veven fraa seg paa golvet, sette seg paa ein krakk og las Fadervaar. Rett som det var for stugu av garde med dunder og brak. Birgit totte ho vart sendt ut i lufta av usynlege hender. So kvelvdest stugu over henne og ho sendest høgt opp i lufta paa eit par stokkar som ho laag over. Daa ho kom ned att vart alt mørkt og svart for henne og ho var ikkje heilt med medvit før ho fann seg att i sengen, etter ho var bjerga.
Reisa ho hadde gjort er paa lag 1 kilometer. Her var skogen sopt vekk som av ein kjempeneve. Det gjekk i alt 3 skre i Sveinsrud denne gongen og dei tok med seg 6 hus der fraa plassen. Det eine av desse skrea tok med seg eit stolphus og øydela ogso fjøset for Torstein Knutson Skjerping. Det fanst att mange eigneluter fraa Sveinsrud i desse skreda, som steinty, og jamvel eit vindauga med 12 glasruter, berre 1 rute var knust. Ein gris hans Knut Sveinsrud fekk seg ogso ein gratis tur ned i Kyrkjebygda med eine skreda. Han levde over reisa han med, og vart ein durabel julegris.
Bønder i Sirebygda og i Torpehaga, som hadde stølane på vestaasen maatte laga seg svere flaatar og ferje krøtera over paa. Storelva sakk ikkje paa godt og vel ei vike, og som sagt, sa var alle bruer farne.