Hajemhuset på Sundre

 

 1925 Hajem
Annonse henta frå Hallingdal i tekst og billeder av L. K. Ødegaard 1925.
 

Ola S. Hajem frå Leveld hadde hatt krambu i Votndalen ei tid då han i 1918 flytte til Sundre og heldt fram med handel i den gamle Urholtbua der, sidan kjøpte han seg tomt der den gamle Gretestugu hadde stått. Handelen er tinglyst 20. mai 1922, og staden har då fått namnet Hajem. Så fekk han seg opp hus her, det var byggmeister Jensen frå Gol som sette opp dette, og hausten 1923 flytte Hajem forretninga si. Ved sida av vanleg krambu gjekk han no også i gang med kledeshandel. Planen var også å starte bakeri difor hadde nybygget fått ei uvanleg høg pipe som vart eit slags "landemerke" ved Urholtgeila.

 
Sørvestre delen av huset vart bortleigd, og her kom det snart kafe, Ingeborg Saue frå Voss dreiv denne i fleire år. Ho tok også mot overnattinggjester som fekk rom i andre høgda.

I kjellarhøgda kom det mjølkebutikk og her handla Birgit Hoff, sidan Tarand Noss. Då storbrannen på Sundre braut ut 11. mars 1931 vart all mjølka i butikken brukt til slokking avdi det var lang veg til næraste brunn.

Huset til Ola Hajem var ein av dei seks store bygningane som strauk med då Sundre brann for snart femti år sidan. Det var då Ola Hajem heldt på å bli brent inne. Etter at huset hans hadde teki fyr, gjekk han inn på kontoret sitt for å hente noko, men kom ikkje utatt. Jørgen Syverson Sandehuset fann han inne i ein gang der han låg uveta og forbrend.

I 1932 stod det nye Hajemhuset ferdig på tufta til det som brann, og etter å ha handla eit år i ei lita brakke kunne Hajem opne den nye butikken sin. Ei ny kaffistove vart også opna, og det kom til å bli Ågot Hallingstad som dreiv denne lengste tida. Etterat Ola Skrien og kona hans omkom då flyet dei var med i datt ned ved Strandafjorden stod frk. Hallingstad for drifta av kafeen og overnattingstaden Sundby. Men så flytte ho over i Hajemhuset der ho dreiv Sundreby kafe og pensjonat. Ho vart gift med Embrik O. Hajem, men heldt fram med kafeen og pensjonatet like til 1960.

I kjellarhøgda var det ei tid fiskematkjøken, sidan flytte det inn handverkarar der, m. a. skomakarar. No er roma her lagerplass. Der kafeen eingong var er det no bustad.

[Teksten er henta frå Håkon Ulshagen: Det gamle Sundre. Huset er no rive og tomta er brukt til å gjere krysset Stasjonsvegen - Sundrevegen (Torget) noko betre].