Dåsakvelden

Skikken var den at skirtorsdagkvelden hadde gutane lov til å taka "dæser" (stakkar) frå gjentone. Oftast fann då gutane på eit eller anna ærend og gjekk inn. Når deikom inn var ei ikkje bljuge, men ruska umkring til dei fann ei dås; då fór dei sin veg. Dæsane vart hengde helst i høge tre på synberre stader, og det var ofte mange. I Nordbygdene i Aal var edt helst på Kleive ned for Svarteberg, på Gunnarhaugen eller i noko store ospetre i Kyrkjedeildbakkane at dæsene vart uthengde. Den måten dåse vart hengt på skulde symbolisera eit hell anna hjå eigaren. Dagen etter laut so gjentone få tak i dåse atter. Men det var ikkje jamt so greit. Ofte laut dei ut med gåvor for å få hjelp.
Skikken var til mykje løgje og hadde ein funne på noko treffande so vart det hugsa og umsvalla lengje etter. Gjentone tykte sovist ikkje det var gale at det var mange ute å gjekk dåsakvelden. Men sumtid kunde dei vera grove desse "tjuvane". Som då dei bar dæsane frå Vassbygdi og ned til Leveld og tok dæsene frå Leveld med uppatt. Eingong folk reiste til kyrkje påskedagen hang det enddå ei mengd dæser i Kyrkjedeildbakkane. Det siste eg har sett til skikken var i 1910, då hang det fleire dæser på gardstaurar i Leveld.


Frå Dølaminne nr 3 1922.