Perstølen

Ola Perstølen starta handel på Sundre i 1917. I fleire år dreiv han saman med Ola Opheim. 26. november 1957 opna han butikk i nyoppført hus i Sundrevegen 81.Det som vert kalla Perstølhuset og som no er møtelokale for HÅP og leiligheiter. I huset har det vore mange ulike næringsversemnder. Ola Perstølen hadde ein mangfoldig butikk med mellom anna skreddarverkstad, klede og sko for damer, herrar og barn, foto, parfymeri leiker, gardiner og andre varer for saum o.l, og ikkje minst bokhandel. 

Mange har gjennom desse 100 åra hatt arbeidsdagar i kortare og lengre tid i ei eller fleire av avdelingane. Per Perstølen som overtok etter faren var kjent for sine replikkar og gode humør.