Vesle Ola og mor hans

 

(Av Torleiv Perstølen.)

 

Han vesle Ola var innpaa tre aar gamal no. Og det var med han som med andre slike smaa-karar at han skaffa mor si mykje bry og arbeid. Datt han og slog seg so var det alltid mori som laut tøysta og "gjera aat for skaate". Eller leikorne gjekk i stykke for han, eller det var eitkvart som hadde vorte burte for han so var det alltid mori som laut staa til tenest, sjølvsagt.

Han Ola var stundom plaga av tannverken. Daa det var dei lunorne han hadde den so var han ikkje alltid so god aa stri med. Daa maatte mor hans bruke alle dei raader ho visste til aa faa han til aa tola seg. Daa maatte ho gaa med han paa armen lange stunderne eller sitja med han paa fanget og sulle, sulle, sulle :

 

"Syrg ikkje, graat ikkje vena more,

græt du so græv e de langt ni jole,

øl aa brennævin staar paa bole

·likesom bøljud'n paa Strandafjole".

 

Alt medan ho song so tagde han still. Han laag berre lydde og saag upp i augo hennar. Men radt songen tagna so vart det sama tutingi som fyrr. So maatte ho til att:

 

"Jyggære sat paa Storæ-stain

kalla sine gjaita haim :

Mjællæ aa Milæ,

Taangæ aa Tilæ,

Rose aa Daakka,

Danemark aa Sokka.

Ven va'o Venæ-gjait,

ændaa vendræ Traagda.

Best va no Blaika

taa allæ minæ gjaita".

 

Men aller best likte han aa høyre um gjesleguten:

 

"Tillil Tove,

tolv mann i skogji !

Gjæslæbaadn dængji dai,

buhundadn hængji dai,

bjællækjydn bindæ dai,

stor-uksen stingæ dai,

aa me vil' dai taka

som lit'n gaar i skogji !»

 

Han Ola totte so illt um den vesle gjesleguten som skulde gaa der ute i skogen og bli ute for dei fæle stygge mennerne. Han laag og gruna paa dette til han reint gløymde tannverken og all sut.

Um kveldarne var det ofte so at han Ola var kje so plent reidug til aa sova den tid mor hans la seg. Han vilde helst ture vaken endaa eit bel. Men so lenge han Ola var vaken so fekk mor hans heller ikkje fred. For han Ola hadde so mykje aa svalle um. Og hadde daa mori somna so ho ikkje svara paa svalle hans, so vart han lei og tok til aa skrikje. Men daa ho lova aa syngje reglor aat han daa krøkte han seg til inn aat barmen hennar det beste han kunde. Og so song ho :

"Tillil Tara !

I maargo sko me fara

burt i djupæ dala.

Der fell ingjin vætæ,

der veks laauken,

der gjæl gaauken,

der sita drængjid'n

aa spela paa gullstrængjidn,

der dansa Duva

mæ raauæ gullbaand i huva

aa sylvknappa ti" .

 

Men han Ola var jamnast ikkje nøgd med det minste. So laut ho segja regla um bjørnen. Bjødn æ svært gla  i prillahaadnlæte. Daa'n høyre prillahaadnæ bi'n so gla aa figjin at'n gløyme se raint burt, so han mæ tek te syngji. Mæ di finastæ mole han aig syng'n :

 

"Prillar i horn,

prillar i horn

gjere me so godt ut i aayro! "

 

Men daa nokon blæs paa 1û (lur) daa bi'n so sinna. For han lika kji lûn maata. Daa ryme'n langt ut i liadn,  og daa brumma’n so grovt aa fælt mæ di styggastæ maale sino:

 

"Støytar i stut'n,

støytar i. stut'n

støyte me so langt ut i liad'n."

 

Medan han so laag og lydde paa detta so somna ban. Og so drøymde han um bjørnen som sang, djupe dalar med grøne lidar og mange andre herlegdomar, gjætarguten og røvarane. Alt dette kjem no fram att i svevnen, men i ei røre um kvartanna.

Men han var ofte svært hjelpsam med mor si og han Ola. Kva ho skulde gjera so vilde han vera med aa hjelpa. Skulde ho spinne so var han straks reidug med ein tre-pinne som han stakk inn i rokkejule so det skrala. Det totte han var svært til moro. Stundom stakk han fingrane inn paa rokkesnelda. Men daa fekk'n ein smikk so det baade svei og brende etter. Daa tok'n til aa tute so fælt, so mor hans maatte ta han paa

armen og prøve hugge'n att. Fekk han so sitja paa bordet med mange fine leikur i fange so var snart heile sorgi sløkt. So fekk mori setja seg aa spinne att. Og umkapp med rokkesurren sang ho:

 

,,Kraaka sat paa gal-staaure,

roptæ ette navare.

,,Ko vil du mæ navare ?"

,,E vil bara sle-en ! "

,,Ko vil du mæ slea ?"

,,E vil kjøyræ fôr!"

,,Ko vil du mæ fore ?"

,,E vil gjeva kjyr’n ! "

,,Ko vill du mæ kjyr'n ?" .

,,E vil mjaalkæ mjaalk !"

,,Ko vil du mæ mjaalken ?"

,,E vil ystæ ost!"

,,Ko vil du mæ oste?"

,,E vil gjeva proste som syng so vent

i maalakjyrkjun vaara!"

 

Eller skodda laag graa og stinn over dalen. Daa totte han Ola og det var keidsamt. For daa fekk han ikkje vera ute. Daa laut ho "syngje aat skaaddun" :

 

,,Skaad, skaadd ala drit!

Rais haim att te baadno dinæ !

Dai liggji grava i brando

aa brænnæ se paa hendo !

Kjitill'n i aisun

aa kjinna paa tuft'n !

Kjyre i klava

aa hæst'n i haga

aa gjaitadn langt sø- nol upp i bærgo !"

 

Det kunna væra mange ampe-lunor paa han Ola. Men med song og eventyr dreiv mori burt mykje leidt for han, radt til han vart so stor og for at han hjelpte seg sjølv utan sulling. Men dei songarne og dei eventyri som han hadde høyrt paa fanget aat mor si, dei gløymde han aldri. Og ofte etter han hadde vorte vaksen kar kom desse sullarne for honom. Vissa var det ein som han særleg totte høvde aat seg no, og den mulla han

og song ofte daa han gjekk so einsam for seg sjølv. Den lydde so:

 

,, E sulla me sjøl dæ kaasta so lite.

Fær e ain kurv so stikk e'n i hite,

men fær e kje tvaa so bi dæ faar lite".

 

 

 

 

Dølaminne nr 4 - 1920