Velkomen til Ål Bygdearkiv
Arkivet tek vare på lokalt stoff i tekst, bilete og lyd. Her kan privatpersonar, lag og bedrifter levere stoff slik at det vert tatt vare på for ettertida.
Bilete om Skriudn i 1876.
I samband med prosjektet SKRIUDN 1876 - ei 150-årsmarkering, treng me bilete som syner spor av skreda som oppstod 14.6.1876. Dette har ofte vorte med i bakgrunnen eller på oversikts-bilete.
Dette biletet frå Søre Bakke i 1933 er eit døme der me kan sjå spora til høgre i biletet.
Ta kontakt om du har bilete eller tips.

25.11.25 Register over amerikabrev på nett.
![]()
Tilsaman er det 3 249 Amerika-brev i alt i bygdearkivet, 1272 frå Noreg og 1977 frå USA, og om lag 575 skrivarar. Arkivnøkkel og personregister ligg under Dokument => Brev = Amerikabrev.
"Stadnamnregister på KART".
15.2.25 Fyrste runde av kartfestinga er ferdig. Me har gått gjennom 9163 stadnamn. Hjelp til med å finne feil og manglar.
Prosjektet er støtta av Språkradet.
Arkivet har også ein del tidsskrift og bøker av både eldre og nyare dato. Her finn du bygdebøker frå Hallingdal og nokre stader utanom. Ikkje noko av materialet er til utlån, men det meste kan du få lese hjå oss.
Har du noko du ynskjer å bli kvitt, la medarbeidarane i arkivet avgjere om det er interessant å ta vare på eller ikkje.
Har du gitt ut eller skal du gi ut bok, hefte eller anna med lokalt stoff? Kan du vera snill og gi eit eksemplar til arkivet?
Her vil det kome nytt stoff og kanskje nokre endringar jamnleg. Kom innom, og gje oss gjerne beskjed om det er noko du saknar eller om du finn feil.